Minnerik dansekveld på Stord Hotell

Minnerik dansekveld på Stord Hotell

Måndag førre veke inviterte Stord Røde Kors Barnehjelp til til diskotek for personar med utviklingshemmingar på Stord Hotell.

Dette er noko dei gjer to gongar i året, og invitasjonen til diskoteket går ut både til Stord og nabokommunane.

– For oss i Barnehjelpen er dette ein utruleg kjekk og takknemleg aktivitet å arrangere, skriv dei i ei pressemelding til oss. 

Trygve Andre og Petter gir tommelen opp for diskoteket. Foto: Stord Røde Kors Barnehjelp

Vidare skriv dei at de berre var smilande fjes å sjå og mange som kom seg ut på dansegolvet for ein svingom. Her treff dei oppmøtte kjente ein kanskje ikkje har sett sidan førre diskotek. Pizza og brus fekk ein kjøpe, og mange hadde ikkje tid å eta før ein måtte inn att på dansegolvet.

DJ-en spelte god og fengande musikk, og deltakerane kunne ønske seg dei sangane dei ville høyre. 

Dette blei ein minnerik dansekveld som me vil hugse lenge, avsluttar Stord Røde Kors Barnehjelp.

Martin og Mathias. Foto: Stord Røde Kors Barnehjelp
Back to Top