Saman reddar me liv

Saman reddar me liv

På fyrstkommande sundag går årets TV-aksjon av stabelen. I år går inntektene til Leger Uten Grenser og DNDi sitt arbeid for å gi livreddande helsehjelp og medisinar til mennesker som treng det mest.

På nettstaden for aksjonen kan ein lese at det akkurat no ventar millionar av mennesker på å verta behandla av ein lege. For mange står det om livet, men tilgong til helsehjelp er ikkje sjølvsagt.

Årets TV-aksjon 23. oktober skal gå til å førebygga og behandla sjukdommar som rammar mennesker på tvers av landegrenser, uavhengig av etnisitet, seksuell orientering, religion, politisk ståstad, alder og kjønn.

TV-aksjonen Leger Uten Grenser skal gi medisinsk behandling til dei som treng det mest. Saman reddar me liv!

Les meir om aksjonen på blimed.no.

Back to Top