Mann av huse for datatreff

Då er det bestemt; det vert datatreff på Vikahaugane i haustferien i år òg trass Covid-19.

2020 er og forblir eit år utanom det vanlege. Trass restriksjonar og stor spenning i situasjonen både nasjonalt og lokalt, vert datatreffet IPX likevel arrangert i nyehallen på Vikahaugane 3.-6. oktober. Tidlegare år har dei hatt 304 billettar tilgjengeleg, men på grunn av 1-metersregelen må dei begrense seg til akkurat 178 billettar. Fredag 4. september kl 18.00 starta billettsalet, og arrangøren var sjølvsagt spent på responsen.

Då redaksjonen var inne rett over kl 20 same kveld, kunne me sjå at det berre var ni (9) usle ledige billettar att. Det er tydeleg at dette er noko ungdomen set høgt i haustferien.

Komplett ny vri i år

Under fjorårets utgåve kunne ein prøve VR. Foto: IPX

Situasjonen i verda er spesiell, og gjengen i IPX har difor naturleg nok måtta justere på mange sider av arrangementet.

– Det vert eit nokså annleis år i år, med både redusert tal på deltakarar og redusert premiepott, fortel Andreas Dybvik i IPX. I tillegg kan me lese på nettstaden at dei no må setje ei nedre aldersgrense på 13 år, sidan dei rett og slett ikkje har plass til foreldra som ellers måtte ha vore saman med dei under 13 år.

– For å bøte på redusert total premiepott, så har me auka litt på dei enkelte compoane (konkurransar under datatreffet) og for fyrste gong lagt til ein premie for 4. plass, legg han til.

Vidare fortel Dybvik at dei populære scenecompoane (konkurransane frå scena) naturleg nok ikkje kjem til å verte gjennomført som tidlegare.

I høve scenecompoar så blir der og eit annleis tilbod då me ikkje kan samla alle framfor scenen slik som før, men me er sjølvsikre på at me skal klara å laga litt lått og løye mellom dei harde spelkonkurransane, likevel!

Ingen besøkande

Tidlegare år har det vore særs populært å få besøk av venner under arranagementet, men på grunn av Covid-19 er dette i år ikkje lov. I tillegg må deltakarane førebu seg på at det heller ikkje vil vere mogleg å leige garderobar, og alle vert oppmoda til å sove i eigen heim om mogleg.

Foreldre har fortsatt lov til å kome innom for å sjekke til sitt barn, men ber samstundes om at dette også vert begrensa til eit minimum.

Les også:  50 år med Røde Kors på Stord

Sjekk ellers ut informasjonssida på ipxlan.no, eller Facebook-sida deira for viktige oppdateringar.