TV-aksjonen 2018: Mindre åleine saman

I dag er det stor sjans for at du får bøssebærarar på døra i høve årets TV-aksjon, under mottoet «Mindre åleine saman». I år går den til det gode arbeidet Kirkens Bymisjon gjer for å skapa eit varmare og meir inkluderande samfunn.

Om lag 100.000 går frå dør til dør med mål om å klare å rekke innom alle dei 2,8 millionar husstandane i Noreg. Ta vel i mot dei når dei kjem innom mellom kl 16 og 18.

Dette er 44. utgåva av TV-aksjonen i regi av NRK, og det er andre gong innsamlinga går til Kirkens Bymisjon. Flyktningerådet og Kirkens Nødhjelp har hatt aksjonen flest gongar sidan oppstarten i 1974.

Les meir om aksjonen på blimed.no.

Ha ein givande sundag!