Kom på konsert

7. desember smeller det laus i Aktivitetshuset. Banda som øver der + nokre til, viser sin avsky mot budsjettet og nedleggjinga av Aktivitetshuset og andre ungdomsklubbar.

7. desember smeller det laus i Aktivitetshuset. Banda som øver der + nokre til, viser sin avsky mot budsjettet og nedleggjinga av Aktivitetshuset og andre ungdomsklubbar.

Dei vil spele og lage show utover kvelden.

Eit av banda som skal vere med er Pumpkin Massacre. Vokalisten, PK Kvalheim seier til Bjella Tidende at det blir kjempegøy.

Han og resten av bandet er kjende for å spele i litt uvanlege klede. Då dei spelte på byscena i Bergen, var dei kledd opp i silkekjolar og gamle dressar.

På Stord internasjonale rockefestival (ute), som nesten vart avlyst på grunn av pøsande regn og vind, stilte Pumpkinarane opp i tøysko, shortsar og oransje redningsvestar.

Då me i Bjella Tidende spurte vokalist PK om kva dei skulle ha på seg nekta han å svare.

PS: Ryktene seier at han går rundt å drassar rundt på plastposar, klipt opp i strimler.

Du får koma å sjå!

Back to Top