Det nærmar seg i Langelandsvegen

Det nærmar seg i Langelandsvegen

Etter å ha vore stengt i snart eit halvt år, ser det ut til å nærme seg ferdigstilling på Langelandsvegen.

Før førre helg gjorde Stord Anlegg siste finish på grunnlaget før det denne veka kom eit lag med asfalt på vegen. Saman med flotte natursteinsmurar, vert dette reine autostradaen til samanlikning med korleis strekninga var før.

Fortauet står nok for tur, då dette manglar på strekninga, og kantsteinane på busshaldeplassen er komen på plass.

Redaksjonen har ikkje fått svar frå entreprenøren på våre spørsmål om detaljane, men det kan sjå ut til at dei nok er på skjema, ettersom det var snakk om ferdigstilling i løpet av oktober.

Back to Top