LAN of Thrones

LAN of Thrones

Lauva byrjar å falla frå trea, noko som tyder på at hausten er i anmarsj. Og med det: Årets IPX datatreff.

Like sikkert som banken, i alle fall i desse tider, kan ei nok ein gong oppleve datamagi under årets IPX LAN i haustferien, nærmare bestemt på Vikahaugane 8.-11. oktober.

Me har teke ein kjapp prat med Stian Sætre i IPX over Discord for å høyre korleis dei ligg an, og kva ein kan forvente på datatreffet som allereie går av stabelen til helga.

Temaparty

Årets datatreff har fått temaet Lan of Thrones, etter den kjende TV-serien Game of Thrones. Illustrasjon: IPX

Ser de har kalla årets datatreff for Lan of Thrones. Er det ny retning for IPX at de skal ha eit tema?

– Ja, me prøver oss på ein ny vri i år der me har satt eit tema som er inspirert av den populære TV-serien Game of Thrones, forklarer Sætre.

Han fortel vidare at dei må sjå korleis det vert til slutt, men det er planlagt at kvar rad er kategorisert som eitt av husa i serien, og at det vert lagt opp til konkurransar mellom desse.

– Eg skal ikkje røpe for mykje, så ein får kjøpa billett og sjå, utdjuper Sætre.

Ja, korleis ligg de an med billettsalet? Ser de har ei lokkedue ute. Fortell!

– Vel, det har gått litt treigt i år, men me har bikka sal av over halvparten og køyrer på som normalt. Me har no på tampen fått tak i ein flett ny PS5, og tenkte at ei utlodding blant dei som kjøper billett kan få lokka fleire til å hiva seg på, forklarer Stian med eit smil.

Spennande tanke! Freistande å melde seg opp for berre den… Men, tilbake til spørsmålsrunden. Kva kan ein forvente på årets datatreff?

– Ein kan vel som alltid forventa konkurransar i alle slag, både på PC og PS5, og D&D (dungeons and dragons). I tillegg er det mykje som kjem til å skje på scenen.

Noko nye ting på plakaten?

– Ingen kommentar! utbryter Sætre med eit lurt smil.

Eit fjell av premiar

Valorant er årets hovudcompo med 20.000,- i førstepremiepotten.

Alle konkurransar, eller compoer som det så fint heiter, har ei gulrot hengande foran seg. Det er ikkje noko unnatak i år ser det ut til, så her må me spørre Stian litt meir ut.

Me kikka inn på nettstaden dykkar, og ser at premiepotten er noko høgare enn det som har vore før? Er det berre fordeling mellom compoane, eller er det faktisk tilfelle at det er auka i år?

– Det stemmer. Det er litt høgare premiar i år, pluss at me har fordelt det litt annleis, som du seier. I tillegg kan me lette litt på sløret og nemne at det forutan pengepremiar, er det mogleg å vinne utstyr fra xtrfy i CS:GO-konkurransen, fortel han.

Ikkje noko ein bør gå glipp av!

Kan du fortelle om kvifor ein absolutt ikkje bør gå glipp av årets utgåve?

– Altså, på IPX i år vert det mange gode premiar, mykje god underhaldning frå scena og ikkje minst vert det utruleg sosialt! Her kan ein møta nye og gamle vener, og få moglegheita til å ha ei fantastisk kjekk helg heilt utanom normalen!

Alright! Me snakka tidlegare om lokkeduer, men sånn avslutningsvis, har du andre biffar som kan nemnast?

– Sjølvsagt! Kan nemne at det vil vere diverse merch tilgjengeleg i år som absolutt er verdt å sjekka ut! Her snakkar me om alt i frå pins til klistremerke. Dette vil verta godt promotert og seld under dagane datatreffet pågår, avsluttar Stian Sætre i IPX.

Me takkar for praten, og kryssar fingrane for at billettsalet susar avgarde inn mot helga!

Back to Top