Gode forhold i fjellet

Stord Ski er for tida flittige med løypepreparering, og kan melde om gode forhold i fjellet.

Etter snøfalla siste veka og døgnet, kan Stord Ski på Facebook melde om at dei har køyrt løyper på både Heio og i lysløypa generelt. I dag er det flott på Heio, men noko varierande i lysløypa etter siste fuktige nysnø i natt. Her klabba det seg i sporsetter og fres.

Det er venta meir snø til helga i følgje YR.no, og dugnadsgjengen skriv at dei vil preparere løyper ved behov. Dei oppmodar samstundes til å bruka Vipps-en for bidrag til kostnadar til løypemaskin, drivstoff, etc.

 

God tur!