Inviterer inn i «hjernen» til Johan Sverdrup-feltet

I høve 100-årsfeiringa til Kværner, inviterer dei saman med Equinor, KBR og Leirvik til «Sverdrup sundag» 17. februar på Kjøtteinen.

Lyst å sjå korleis det ser ut inni Noregs største bustadplattform, Johan Sverdrup? Då er Kværner Stord og Kjøtteinen staden å vere denne dagen. Verksemdene inviterer ikkje berre lokalsamfunnet, men alle andre som vil oppleve ein dag med boller og kakao, Vil vite-eksperiment, Knutsen og Ludvigsen-show, virtuell kran-køyring og Kahoot-konkurranse for skuleklassar.

Klasse-Kahooten er med Markus Bailey som quizmaster. Her er ungdomsskulane i Sunnhordland spesielt invitert til å delta.

– Vinnarlaga pr. trinn vinn kr. 10.000 til klassekassen. Sølv gir kr. 8.000, og bronse gir kr. 5.000 i klassekassen, skriv Kværner på Facebook. Temaet skal ikkje uventa vere Industri og energi. Dei nemner òg at under omvisinga om bord i plattforma i forkant av tevlinga, vil ein kunne finne hint og leietrådar.

Les meir og meld di interesse på deira hendingsoppføring på Facebook!