2020: Annleisåret

For eit rart år det har vore. For nokre har det nok gått fort, for andre vil det fortsatt ta noko tid før det går opp for ein at året er omme. Korleis har det vore for deg?

Då denne digitale blekka i utgangspunktet berre er eit hobbyprosjekt, har det, som de kanskje har merka, vore mykje stillstand i oppdateringar frå redaksjonen. Med berre åtte  artiklar (ni med denne) og berre eit fåtall av dei som var heilt virusfri, så seier det seg vel sjølv at det har vore andre ting som har oppteke underteikna.

Eg har vore heldig å hatt nok å henge fingrane i gjennom heile året, me har halde oss friske, og kjem kanskje styrka ut av denne pandemien. Diverre er det nok av mennesker der ute som ikkje har vore så heldige. Nokre er fortsatt permittert, nokre har mista jobben heilt, andre har vorte sjuke, og diverre er det familier der ute som har miste ein av sine nærmaste. Våre tankar går til alle og ein, og håpar på at me ein dag skal kome nærmare «normalen» igjen.

25-åring

Eg vil berre kort oppdatere dykk på at me er her endå, og at i 2021 markerar næravisa frå Bjelland 25 år. Planane har vore mange om kva me skulle finne på av ablegøyer og slikt, men året me legg bak oss har bremsa tankane litt. Uanskvett så skal det på eitt eller anna vis markerast via denne sida. Håpar difor det fortsatt vil halda eit auga med Bjella Tidende i 2021 også.

Då gjenstår det berre for redaksjonen å ynskje dykk alle ei fredfull julehøgtid, og eit godt nytt (og virusfritt) 2021! Stå saman, hald avstand, så vert alt bra!