Bibel X-pressen

Bibel X-pressen

Bibel X-pressen er ein buss som køyrer rundt og fortel om boktrykkjarkunsten.

Bibel X-pressen er ein buss som køyrer rundt frå skule til skule for å fortelja korleis bibelen blei trykt med lausbokstavar i bly. Det er fem stykk som arbeidar der.

Elevane som fekk koma inn i den fekk høyra at det var Johann Gutenberg som fann opp lausbokstavane. Etterpå så fekk dei oppgåver frå det dei hadde fått vita.

På laurdag var Bibel X-pressen på Leirvik torg, og då var det kafé som du kunne kjøpa sjokoladar og brus. Du kunne òg få gratis vaflar og kaffi til den som ville ha det.

Det var mange som var på besøk i bussen den dagen den var på Lerivik.

Mange av dei elevane som var i bussen syntes det var gøyare med den undervisningen enn ein vanleg skuletime.

Back to Top