Spring 300 kilometer på ei veke

Spring 300 kilometer på ei veke

Vert vanleg maraton for kort for deg? Då kan kanskje Bømlo Ultrafestival vere noko for deg i sommar, men arrangøren kan melde om at det allereie er venteliste.

6. januar opna Bømlo Utltrafestival for påmelding til årets utgåve, og berre ni dagar seinare var det allereie fullt hus. Det er imponerande nok då dette ikkje akkurat berre er snakk om noko sundagstur. Festivalen arrangerer nemleg to konkurransar fordelt på heil og halv distanse, med lengder opptil 65 km på ein dag! Båe går over fem dagar i starten av juli, nærmatre bestemt 23.–27. juli.

Her er Peter Tubaas (i front) saman med deltakarane før start på dag 4 i 2018. Foto: Bømlo Ultrafestival

– Me har totalt 20 plassar, og per i dag har me 16 på full distanse, og fire på halv distanse, fortel primus motor og arrangør Peter Tubaas. I tillegg har festivalen folk på venteliste.

Fulldistansen er ca. 60 km per dag, og har ein total distanse på ca. 300 km.

– Alle etappar startar og slutter heime hjå meg på Steinsvåg. Dei spring i tur og orden ut til Brandsund (som førebels er den lengste etappen på 65 km), Rolfsnes, Moster, Siggjo og Bømlabrua, Langevåg og Hiskjo, fortel primus motor og arrangør Peter Tubaas.

Halvdistansen er ca. 30 km per dag, og her vert alle løparane køyrd ut til vendepunkta nevnt over, og derifrå spring dei attende til Steinsvåg.

Vere eller ikkje vêret…

Vêret i fjor var jo strålande, men ikkje heilt ideelt å springe i. Det er kanskje eit håp om meir ideelt vêr under årets utgåve, etter nokre utfordringar langs vegen under festivalen i 2018.

– Dei fleste naut det herlege vêret, men det vart nok i varmaste laget med over 30 grader eit par av dagane. Det gav oss nokre utfordringar med å skaffa nok væske, legg han til.

Store namn på deltakarlista

Ultraløp er for alle, men ein vert gjerne seigare med åra. Peter kan røpe at alderen på løparane spenner seg frå 30 til 60 år. Og på spørsmål om vinnaren frå 2018, Stig-Helge Westerheim gjer comeback i år, har Tubaas følgjande svar:

– Eg håpar han kjem til Steinsvåg att for å forsvare tittelen, men veit det kjem an på om han må jobba eller ikkje. Han får i alle høve tøff konkurranse av Bjørn-Tore Taranger, Norges beste ultraløpar dei siste åra, og verdsrekordholdar i 24-timers løp på tredemølle. Begge dei som vart kåra til årets ultraløper i 2018 kjem, for i kvinneklassa stiller Therese Falk, som er Noregsrekordholdar i 24-timersløping, mellom anna. Ei kåring som vart offentlegjort sist helg.

Eg er eit konkurransemenneske av rang, men har aldri vore meir «distrahert»
enn under Bømlo Ultrafestival. Dei flotte deltagarane, maten, underholdninga, arrangøren, sponsorane, naturen, utfordringane!STIG-HELGE WESTERHEIM (kjem truleg tilbake i 2019)

Heimekoseleg underhaldning

I fjor hadde Peter Tubaas alle deltakarar innlosjert heime hos seg sjølv på Steinsvåg, i år er det snakk om dobbelt så mange.

– Det er planen å innlosjere alle, då dette kanskje er den viktigaste suksessfaktoren til festivalen. Stemninga vert avslappa og me vert tett knytta saman når me bur og lever så tett. Det vert fleire i år, så eg får eit plassproblem, men eg har ei løysing på det, kan han fortelle.

Goldlog (biletet) og Nils Horn var blant artistane som underhaldt på festivalen i fjor. Foto: Bømlo Ultrafestival

Underhaldning var eit element etter endt løpsdag i fjor, der han blant anna hadde Goldlog innom heimen. På spørsmål om kva underhaldning som kjem i år, held han korta relativt tett til brystet.

– Me kan ikkje avsløra noko enno, men det kan verte både lokale og nasjonale artistar. Mest truleg frå Vestlandet. To artistar er klar allereie og fleire er på gong. Det er størst sjanse for at musikken ligg i området pop, rock, vise, folk, osb.

Festivalen er ikkje-kommersiell, og vil heller ikkje i år generer noko avkastning for arrangøren. Her er det berre eit glødande engasjement for springing og Sunnhordland og ein god porsjon friviljug innsats som gjer det mogleg. Tubaas understreker at ein fantastisk innsats av mange mennesker var det som gjorde 2018-utgåva til ei heilt unik veke. Og dette gav meirsmak, sjølv om festivalen eigenleg skulle vera ein eingongshending.

Av mine 96 ultraløp er dette det arrangementet som står i særklasse som
det mest spektakulære. Har du anledning så må du ikke gå glipp av dette.RAGNAR NYGÅRD (kjem tilbake i 2019)

Bonus: 303 km på 390 sekund

I 2017 gjennomførte Peter «utgåve 0», då han sprang Bømlo Ultrafestival som ein test saman med Fred Husøy Andersen og Ruben Espeland. Han la ut ein oppsummering av dei 303 kilometrane dei sprang i ein video på 390 sekund. Denne er til no sett av over 14.000 på Facebook. Under kan du sjå oppsummeringa og stemningsrapporten frå fjorårets festival.

 

Sorry Boston, sorry New York, sorry Comrades og Stockholm og Jølster og Møkster! Bømlo Ultrafestival overgår alt. Eg kom hit for å løpe langt, for å knyte venskap, gamle og nye, for å nyte vakker natur. Eg fekk alt, og endå meir. Så mange å takke, dei veit kven dei er. Men Peter Tubaas er uråd ikkje å nemne. Dedikert løpar med stort husrom og endå større hjarterom. Kvar dag ein fest: nærreist kvalitetsmat, nydelege konsertar, rørande film, formidling av lokalhistorie, gode samtaler. På toppen av alt gav han meg sjansen til å løpe 300 km med over 4000 høgdemeter over fem dagar på 31 timar, 22 minutt og 51 sekund, til ein 2. plass samanlagt i ein fin venskapleg konkurranse. BØMLOVE❤️TERJE LYNGSTAD (kjem tilbake i 2019)

Følg med på Facebook-sida til festivalen for spennande oppdateringar framover! Bjella Tidende ynskjer lukke til!

Back to Top