Fått vinterskoa på bilen din?

Meteorologisk institutt melder om kaldere vêr over heile Noreg og ei ekstra fin og solrik helg, no heilt på tampen av oktober.

Snø i vente?

Det ser ikkje ut til at snøen kjem i låglandet heilt enno, men det kan likevel vere lurt å kle på vinterskoa på bilen din. Det er nemleg meldt minusgrader over helga. Skal du over fjellet er det viktig å legge om, for her er det snø mange stader allereie.

Som du kan sjå av hovudbiletet har Stord-fjellet allereie vore dekka av snø i år. Peter Tubaas fanga dette motivet allereie 24. september. Ikkje akkurat skiføre, men likevel eit teikn på kva årstid me har i vente.

God torsdag!