Verdas raskaste løypetrase

På laurdag 23. oktober vert Flyplassmila, så fint kalla «Verdas raskaste løypetrasé», arrangert på Stord Lufthamn - på sjølve flystripa.

Stord Friidrett arrangerar for fyrste gong eit løp som kan skrivast inn i historiebøkene ved å ha verdas raskaste løypetrasé, nemleg sjølve flystripa på Stord Lufthamn. Etter å ha vorte utsett eit par gongar grunna Covid-19, så er det endeleg duka for løpsfest på Sørstokken.

I skrivande stund er det om lag 400 påmeldte til dei to distansane, 5km og 10 km, på Flyplassmila. I tillegg vert det arrangert barneløp for dei minste. Blant desse deltakarane finn ein fire av oss i redaksjonen.

Konkurransetid!

I samband med at Madel tek ein 5 km lang runde rundt flyplasstripa og underteikna (Espen. red. anm.) avsluttar ballet med to rundar (10 km) same stad, så skipar me til ein konkurranse på Facebook-sida vår.

Der kan de tippe kva tidene til Madel og Espen vert til slutt.

Premie til den/dei som har tippa nærmast etter endt løp på laurdag, og vinnarane får eit EKSTREMT eksklusivt Bjella Tidende Junior-krus i premie (sjå under)!

Heia, heia!

To heldige vinnarar kan vinna eit Bjella Tidende Junior-krus!