Når sjekka du røykvarslaren din sist?

Når sjekka du røykvarslaren din sist?

På laurdag er det røykvarslaren sin dag, og dagen for å ta ein sjekk av dei du har i heimen.

Det er allereie mørketid, og det nærmar seg jul. Det betyr at det ofte er fleire levande lys i heimane rundt om, i tillegg til at det vert jobba ein del ekstra på kjøkkenet med varme. Dette aukar brannfaren, og då er det ekstra viktig å passe på at varslinga er på plass om ulukka skulle inntreffe.

I eit samarbeid mellom Norsk brannvernforening, DSB, DLE, Brannvesenet og Gjensidige skipar dei kvart år Røykvarslaren sin dag 1. desember. Ein dag folk vert oppmoda til å ta ein sjekk at røykvarslaren har eit nytt batteri og at fungerar som den skal.

Her på Stord kan du i morgon, fredag 30. november, møte Stord brann og redning på ein stand dei skal ha på Amfi-senteret på Leirvik. Dei inviterar deg innom for ein prat og eit batteri om du treng det!

Back to Top