Det er oktober, og det betyr at det nærmar seg årets TV-aksjon. I år går den av stabelen sundag 24. oktober og går til Plan sitt arbeid for å bekjempa barneekteskap i fem land.
Under aksjonsnamnet «Barn, ikke brud», ynskjer årets aktør å få slutt på barneekteskap i fem land der problemet er størst. Desse landa er Bangladesh, Nepal, Mali, Niger og Malawi. Plan skriv på nettstaden sin at dei skal bruke inntekta frå årets TV-aksjon til å styrke, beskytte og utdanne jenter for å unngå at dei vert gift som barn.
Støtt årets aksjon gjennom å gi di støtte ved å gi pengar, og/eller still opp som bøsseberar. Les meir om akkurat dette og årets TV-aksjon på blimed.no. TV-aksjonen vert sendt på NRK 1 førstkommande sundag frå kl 18.55.