Tema: Påske

Som du sikkert veit, så skal det handle om påske i dag. Kyllingen vår (biletet) ønsker alle våre lesarar ei riktig god påske!

Fjellvettreglane

Påskefjellet freistar oss i påska, men då må me hugsa på fjellvettreglane. Me har difor hjulpe deg med å hugse dei endå betre:

  1. Legg ikkje ut på lange turar utan at du er i god form
  2. Gå aldri åleine
  3. Snakk med fjellvante folk før du skal ut i nytt terreng
  4. Ha fjellutstyret i orden, og ta det alltid med, også på korte turar
  5. Sei frå kvar du går
  6. Vis respekt for fjellet og for vêrmeldingane
  7. Snu i tide! Det er ingen skam å snu
  8. Hald saman i kritiske situasjonar
  9. Spar på kreftene. Søk ly i tide, grav deg ned i snøen om nødvendig

Men ver forsiktig når du er ute i påska, både heime og borte!

Kyllingen vår og alle oss andre i redaksjonen ønsker dykk ei riktig god påske!