Pytt, pytt

Det er skikkeleg haustvêr for tida noko som viser att i nærområdet vårt – tilogmed på stader ein reknar med er tørre året rundt...

Etter ein god del regnskyll førre veke kikka sola stundom fram mellom skyene torsdag ettermiddag. Dette måtte utnyttast med ein joggetur gjennom Landåsen til Vabakken av underteikna. Det var heilt klart at det hadde regna siste tida med større bekkar innimellom trea og vasspyttar i vegen.

Då eg kom til undergangen ved inngangen til Landåsen, støtte eg på ei utfordring for meg som hadde joggesko: eg måtte stogge opp for å finne ei god løype rundt og blant store innsjøar i undergangen. No, etter ei veke med endå meir nedbør, tenkjer eg at du må ha rimeleg gode vadesko om du skal kome deg nokolunde tørrskodd gjennom tunnelen.

Nokon frå kommunen som kunne spedd på med meir grus, etter kanskje ein betre drenering?