Parkløp i stiv kuling

Trass stiv kuling, regn og hagl, stogga ikkje det dei mange unge som deltok i årets Parkløp.

Eit hundretals skuelystne hadde møtt opp for å sjå sine små håpefulle delta på det tradisjonsrike Parkløpet, arrangert ved Stord Golfpark sitt anlegg i Prestagardsskogen. Arrangøren Stord Friidrett, med Nils Hetleflåt i spissen, samla i overkant av 130 spreke barn frå 1.–7. klasse.

Deltakarane var delt inn i tre hovudpuljer, der dei yngste, 1.–3. klasse, var fyrst ut på distansen 350 meter. Dei vart etterfulgt av 4.–6. klasse på 600 meter. Avslutningsvis stod 7. klasse for den lengste distansen på 800 meter.

Oline Kvalheim (8 år) med sin medalje. Foto: Renate Kvalheim.

Vår eigen journalist Oline Kvalheim vann jentegruppa for sitt klassetrinn på Langeland skule, som einaste deltakande jente derifrå. På spørsmål om kva ho meinte om løpet, kom det kontant:

– Det var gøy!

Alle deltakarar fekk utdelt medalje etter endt løp.