Deltakarrekord på Puttefestivalen

Deltakarrekord på Puttefestivalen

Til helga går den 30. utgåva av Puttefestivalen av stabelen på Vikahaugane. Det meldes om deltakarrekord!

Jubileumsutgåva av Kværner Puttefestival, i regi av Stord Fotball, kan skilte med fantastiske 165 påmeldte lag i år. Festivalen er for dei som er fødd mellom 2008 og 2013, der dei eldste spelar med 7-er lag og dei miste spelar 3 mot 3 med vant. Det er heller ikkje berre lokale lag som er med. Det er spesielt eit lag som utmerkar seg. Dei takkar spesielt for påmeldinga frå fleire lag frå blant anna Førland IL og Sædalen IL.

Festivalen er òg ifølgje dei sjølv meir enn berre fotball. Her vil det i tillegg til spennande kampar vere minitog, hoppeslott, underhaldning, grilling med meir.

I siste post på deira Facebook-side avsluttar dei med:

– Me vil ønskje alle dei 165 påmeldte laga velkommen og tvi tvi med dei siste førebuingane!

Back to Top