Langelandsvegen stengd i eit halvt år

Langelandsvegen stengd i eit halvt år

Frå om med neste veke må du bu deg på å leggje om køyremøsteret ditt om du til ofte nyttar denne vegen.

Langelandsvegen blir nemleg stengd i eit halvt år frå veke 14 til 45 for gjennomkøyring grunna arbeid med den nye gang- og sykkelvegen frå Langelandstølen til Rabbafossen. Dette skriv Stord kommune på sin nettstad i går.

Gåande kan fortsatt nytte gangvegen på nedsida av vegen.

Arbeidet vert utført av Stord Anlegg, og dei vil samstundes utbetra og fornya det kommunaltekniske VA-anlegget. Dette påverkar sjølvsagt busstilbodet via Langelandsvegen, og linje 676 får endra trasé og rutetider frå 1. april. Kommunen oppmodar å sjekke innom skyss.no for meir informasjon.

Back to Top