Ver med å rydd strendene våre

I kjølvatnet av den mykje omtala kvalen som stranda med mykje plastavfall i magen, har det siste åra dukka opp fleire ryddeaksjonar langs kysten vår.

Sunnhordland er ikkje noko unnatak. I helga skal nemleg Strandryddeaksjon Sunnhordland arrangere deira første aksjon. Kick-off-en finn stad i Ruvika på Nautøya fyrstkommande laurdag kl 11, og aksjonen vert skipa saman med Friluftsrådet Vest, Ragn Sells og Hold Norge Rent. Arrangøren stiller med utstyr som bossekkar og hanskar til oppryddinga, i tillegg til drikke og noko å bite i. RS Ung og Eliasbåten kjem òg innom.

– Eg håpar at me med dette kan skape blest og auke fokuset på rydding av friluftsområder i regionen vår, seier Bjarte Barane. Han er hovudinitiativtakar her i Sunnhordland, og representerer sjølv Ragn Sells.

Det er etterkvart plan å få i gong fleire slike aksjonar, men dei vert ikkje etter same oppskrift som den som føregår i helga.

– Ragn Sells kan vere behjelpeleg med å sette ut kontainere i friluftsområder, men det vert brukarane sitt ansvar å bestille desse. Han fortel at ein kan registrere at ein er interessert i å rydde via nettstaden til Hold Norge Rent. Deretter er det å ta kontakt med Ragn Sells for å gi meir informasjon om kva ein treng og kvar ein vil rydde.

Ny ryddeaksjon på beddingen

Akkurat no arbeidar dei med ei hovudrydding i høve Strandryddeuka som startar måndag 29. april og varar til sundag 5. mai.

Om det blir som eg tenkjer får vi eitt samarbeid med Rommetveit båtlag i Sævarhagsvikjo. Fokus er då Hystadmarkjo og vi tek inn avfall som kjem inn via båter, seier Barane.

Han kan òg fortelje at under denne aksjonen vert også RS Ung og Eliasbåten ein del av konseptet.

Ung inspirasjon

På deira Facebook-side kan ein lese fleire innlegg som omhandlar blant anna Miljøagentane sitt arbeid for miljøet. Blant desse kan me finne ei av strandryddeaksjonens inspirasjonskjelder til å avhalde dette arbeidet i Sunnhordland, nemleg 14 år gamle Penelope Lea.

Les også:  Klatreveggen opna

– Penelope inspirerar oss og er ein frontfigur for plastrydding. Ho vann òg nyleg Frivillighetsprisen for 2018, som tidenes yngste, seier Barane.

Han legg til at håpet med heile strandryddeaksjonen er å få ei gruppe med unge engasjerte til å ta over på sikt.

Vel møtt på Nautøya på laurdag!