Med fokus på damene i seglsporten

Årets Windjammer Race finn stad i morgon laurdag på Vikafle, med ei ekstra stor gulrot til dei som fullfører.

Arrangementet feirar i år 40-årsjubileum, og har ekstra fokus på deltakande damer. Som ei ekstra gulrot har dei i år fått med seg ein leverandør på lasset, og for høvet difor skifta namn til UK Sailmakers Windjammer Race i år. Grunnen? Jo, dei har i år ei ekstra gulrot til dei som deltek: har dei ei dame om bord, og fullfører, kan dei nemleg vinne ein flett ny spinnaker tilpassa båten dei deltek med.

– Det er påmeldt 47 båtar både frå Hordaland og Rogaland, fortel Ole Jacob Eide i Stord Seilforening til Bjella Tidende.

Få med deg starten i morgon laurdag 6. oktober kl 11.45/12.00 ved Storddøra.