På tide å oppdatere karta?

Områdekarta i starten av Landåsen og Sjephaugen har nok sett sine beste dagar. Kanskje det er på tide med ein real oppdatering?

Skjephaugen og Landåsen er eit yndig mål for dei som skal ut på kort ettermiddagstur, joggerunde, eller lengre familietur på sundagen.

Eventyrskogen
Eventyrskogen

Det er òg siste par år lagt ned eit utal av dugnadstimar frå blant anna dei eldre friviljuge i vårt gode turlaget, noko som har gjeve oss andre godt underlag med god grus, mengder med ekstra kvilebenkar, nyopptrakka snarvegar (i form av stiar), skilting og ikkje minst ein fantastisk gapahuk i Skjephaugen.

 

Diverre har ikkje informasjonskarta vorte med på denne reisa, og er utdaterte med minst 20 år… For dei som ikkje er kjend i området og har høyrt om turmåla som gapahuken eller Eventyrskogen, ja dei får det vanskeleg med å orientere seg via desse.

Informasjonsskilta ved både Landåsen (øverst i saka) og Skjephaugen er nok moden for ein real oppdatering.

Kanskje det er på tide med ein oppdatering med avstandar og kanskje ca. tid frå start av Skjephaugen/Landåsen og til hovudmåla som t.d. dei som er nemnt over?

Er dette kanskje noko for kommunen, turlaget eller idrettslaget sitt bord? Kven tek ballen?

God tur!