Vellukka løpsfest i sentrum

Vellukka løpsfest i sentrum

Berre det at det på førehand var 1100 påmelde, kan kan ein seie at årets utgåve av Sunnhordland maraton vart nok ein suksess for Stord Friidrett.

At det i tillegg ar aktivitetar i sentrum i høve hendinga Folk i sentrum, gjorde laurdagen til ein real sentrumsfest for dei mange tusen som hadde teke turen. Diverse boder, aktivitetar, flagg og heiarop skapte godt stemningsgrunnlag på løparane som skulle til pers.

Fire distansar og eit barneløp

Første løp ut under Sunnhordland maraton var heilmaraton som starta kl 09.30, og her vart det siger til Stian Andersen frå BFG Bergen Løpeklubb i herreklassen med tida 3:03:59. Gro Anita Aartun Imsland som sprang for Team Imsland vart sterkaste kvinne med den gode tida 3:37:02.

Deretter var det borna sin tur. Etter skikkeleg oppvarming med Åshild Rygg Tonning frå FitnessInvest, var det kl 10.30 duka for ein fartsfylt runde som gjekk ned Borgata, via rundingen, ut Nattrutekaien, opp kaisvingen og i mål ved gamle Kringlo.

Pang! Starten er i gong på halvmaraton. Foto: Renate Sjo Kvalheim.

Rett etter målgang på barneløpet var det klart for halvmaraton der underteikna òg deltok. Her kan eg ikkje skryte på meg like god tid som vinnaren i herreklassen Thomas Finshus frå Stegaberg IL som hadde tida 1:17:18. Ikkje så lenge etter kom Krsitine Sakseid frå Stord inn til den gode tida 1:35:42 i dameklassen.

10 km var desidert mest populær med 500 påmelde. Her gjekk det fort unna og Lars Lunde frå Stord IL slo løyperekorden med tida 34:43. I dameklassen tikka Monica Vassbø frå Bjerkreim IL inn på tida 40:23.

Nytt av året var 5 km, som var det einaste løpet som starta utanfor sentrumsskjerna, nemleg på Kattatveit ved Knutsaåsen aldersheim. Den gjekk over Lønning, inn i Landåsen og i mål i Borggata. Her var Harald Kårbø (Stord IL) og Marie Eide Roalkvam kjappast med tidene 17:56 og 21:02.

Konkurranse om konkurransen

Kenneth Stenbråten og underteikna før start på halvmaraton. Fyrstnemnde debuterte på distansen. Foto: Renate Sjo Kvalheim.

Som nemnd deltok underteikna sjølv i halvmaraton, og me køyrde difor ein liten gjettekonkurranse på kva tida mi i mål vart. Med tanke på at det i heimen er ein ny sjef, hadde ikkje oppladinga vore ideell med både våkenetter og tidlege morgonar på merittlista siste året.

Likevel vart det ny pers. Offisiell tid vart 1:52:36.

Det var mange gode forslag på resultat, alt frå ikkje fullført til ei tid langt ned på 1:40-talet. Likevel var ingen av dei 40 som deltok i konkurransen gjetta beint på, men det var mange som var nære. Etter å ha finrekna opp, ned og i mente, såg me at det var heile tre stykk som alle var berre 9 sekund frå offisiell tid. Desse tre kan kose seg med ein ny favoritt-kopp frå Bjella Tidende:

– Signe Helen Strømø Enoksen (gjetta 1:52:27)
– Anne Kvalheim (gjetta 1:52:45)
– Ingeborg Håvik Pedersen (gjetta 1:52:45)

Me gratulerer, og takkar for deltakinga!

Meir?

Sjå komplett resultatliste hjå EQTiming og fleire bileter hjå Bladet Sunnhordland her.

Back to Top