Klar for nye smaksopplevingar?

Klar for nye smaksopplevingar?

Er du glad i mat og drikke, bør du ta turen til nattrutekaien på Leirvik for årets utgåve av smaksfestivalen «Herifrå».

Etter suksessen i fjor, håpar festivalen å gjenta den same gode smaksfesten i år. Med fokus på vått og tørt frå Sunnhordland (og omegn) sine eigne lokale matverk og bryggeri, er alt klappa og klart for mange smaksopplevingar. Herifrå er i regi av Matfatet Sunnhordland i tillegg til Venelaget Veteranskipet Sunnhordland som vil ha det tekniske ansvaret for arrangementet. Smaksfestivalen inntek teltet på kaien frå og med i ettermiddag og varar til i morgon kveld. På Facebookgruppa til Herifrå kan du sjå små snuttar og få med deg oppdateringar på kva som går føre seg desse dagane.

Det er gratis inngong, og det er mogleg å kjøpe bongar for å få smake på tørt og vått.

Over 20 utstillarar er på plass i år, deriblant medarrangøren Veteranskipet M/S Sunnhordland. På dekket er det duka for mange våte smaksopplevingar, mens dei utfordrar deg òg til å delta på konkurransen «Hopp Herifrå» der ein rett og slett skal hoppa frå toppdekket ned i fjorden.

Skal du ta turen? Bon Appétit!

 

Back to Top