The computer says; YES!

Til helga startar eit av dei største, og lengstlevande, datatreffa på Vestlandet, nemleg IPX.

Datatreffet er eit arrangement som for 15. gong finn stad i nyehallen på Vikahaugane i haustferien frå laurdag 6. oktober til tysdag 9. oktober. Med plass til om lag 300 ungdommar frå 13 år og oppover, går dei inn i rekka som det største i Hordaland. Difor skal desse dagane vere grunnlag nok for å stor deltaking i deira fullspekka program. På plakaten står speling, konkurransar, og andre sosiale underhaldningspunkt.

Store pengepremiar

Konkurransane, eller compos som det så fint heiter, vankar det gjeve premiar til vinnaren/vinnarlaga. Premiepotten på hovudcompoane, med spel som t.d. CS:GO, LoL, Fortnite og Fifa, er på svimlande 74.500,-. I tillegg vankar det premiar på andre mindre konkurransar undervegs i datatreffet. Totalt er det nærare 100 000,- i premiar!

Friviljug innsats

Datatreffet er basert på friviljug innsats, frå sal av mat og drikke, samt vakthald.

– Me er totalt 36 frivillige, fra 17 til 30 år, der samtlege brenne for å arrangera IPX gong på gong, seier crew-ansvarleg Andreas Kvalheim.

Dei ser også at det aukar med fleire søkarar kvart år, og i år klarte dei å få fullsatt crew før fristen for å søka gjekk ut!

23.000 meter nettverkskablar

Dei friviljuge brukar ca. 8 timar på å rigge til ungdommane kjem inn døra. Då er alle bord, scener på plass i hallen, i tillegg til alle straumpunkt og minst 23.000 meter med internettkablar lagt ut til alle sitjeplassar.

– Undervegs i datatreffet forventar me sal av om lag 300-350 flasker med brus, vel 300 einingar med energidrikk og i underkant av 250 grandiosa, fortel han vidare.

Fortsatt ledige billettar

Per dags dato er det 73 ledige billettar. Dei ligg litt etter fjoråret på salet, men dei har jo som alltid ein draum om fullt hus. I fjor var det berre 42 ledige plassar på opningsdagen.

Les også:  Framleis like aktiv som 70-åring

– Me anka litt for eit par veker sidan, men det ser ut som salet har teke seg opp. Det er fortsatt ikkje like bra som i 2017, og om det vert fullt hus får me det svaret først når me opnar dørene på laurdag 6. oktober, avsluttar Kvalheim.

Her kan du sjå promo for arrangementet:

2 thoughts on “The computer says; YES!

Comments are closed.