Ny fartsgrense i heile Hornelandsvegen

Ny fartsgrense i heile Hornelandsvegen

Det har i mange år vore 50-sone i Hornelandsvegen, med innslag av nokre få 30-soner. Denne veka vart farten sett ned i heile Hornelandsvegen.

Det har i mange år vore 50-sone i Hornelandsvegen, med innslag av nokre få 30-soner. Denne veka vart farten sett ned i heile Hornelandsvegen.

I følgje Harald Oddvar Sæbø i Stord kommune, er bakgrunnen eit nyleg godkjent skiltvedtak. Mange bebuarar ser positivt på fartsreduksjonen, men ynskjer gjerne at andre tiltak som t.d. fortau vert gjennomførte.

Sæbø fortel vidare at:

Det er gjeve klarsignal til start av planarbeid for å få på plass ein reguleringsplan som skal sikra grunn til fortau på attståande del av Hornelandsvegen. Normal sakshandsamingstid for ein slik plan er ca. 1 år.

Ein må difor belage seg på fortsatt mange år utan trygg skuleveg langs Hornelandsvegen.

Back to Top