Frukost med noko attåt

Denne veka kastar heile kulturskulen seg sjølv ut av sine faste lokaler for å servere folket kultur. På laurdag kan du til og med få det til frukost!

Til vanleg held Stord kulturskule til i Stord kulturhus og Osen 6, men denne veka gjennomfører dei eit slags kulturgerilja-stunt i sentrum med diverse aktivitetar. I morgon, laurdag 27. april, er staden Sykkel & Kaffi i Borggtata. Her skipar dei til noko heilt nytt, i alle fall på Stord, kalla FrukostRave.

Møt opp her på laurdag kl 9 for å få med deg ein annleis frukost. Foto: Sykkel & Kaffi.

– FrukostRave er eit storbykonsept for skiftarbeidarar og småbarnsforeldre som ikkje får tid til å «klubbe» i helgene, fortel Ian Kolstad i Stord kulturskule. Han leste først om konseptet i eit flymagasin ein gong han var på reise, og tenkte han skulle få til eit forsøk på dette her på øya.

Kort fortalt handlar konseptet om å starta dagen som ein fest med digg musikk og dans samstundes som ein inntek ein god frukost. På laurdag kan han difor tilby deg ein annleis frukost, der du visstnok kan danse deg mett til tonar frå DJ, saksofonistar, trommer og perkusjon – heilt live! På menyen hjå Sykkel & Kaffi denne morgonen står kaffi, te, jus, mjølk og blings. Saman med musikken skal dette vere noko for ein kvar smak, altså.

Vidare kan Kolstad fortelle at Kulturskulen har vore med i eit prosjekt om kompetanseheving i samarbeid med Norden og Kulturskolerådet. Denne hendinga er avslutningsprosjektet.

Frukosten startar kl 9, det er ingen inngongspengar, ingen dresskode og opent for alle i alle aldrar.

– Kulturskule til folket! avsluttar Ian Kolstad.