Verftet på Kjøtteinen markerar 100 år

Verftet på Kjøtteinen markerar 100 år

I 2019 fyller verftet på Kjøtteinen 100 år, og Kværner skal markera dette gjennom heile året.

Som stordabu, enten du er godt pensjonert, eller er ung og lovande på skulebenken, har du garantert eit forhold til, eller i alle fall kjennskap til, verftet på Kjøtteinen. Ein arbeidsstad der arbeidarar har gått gjennom porten i snart 100 år. Frå sildeoljefabrikken starta opp i 1919, har området gradvis gått frå å vere fiskerelatert verksemd til i dag å dekkje det meste innan offshore og olje. No for tida føregår det både nybygg og oppgraderingar på plattformer som skal ut i havet. Så seint som denne veka starta dei på nok eit stort prosjekt. Det vart nemleg byggestart for Johan Castberg som kjem til å generere arbeid for opptil 4 800 personar, inkl. Kværner sine underleverandører.

100 år 100 historiar

Kværner starta nedtellinga til jubileumsåret tidleg i november ved å samle kundar, leverandørar, samarbeidspartnarar og eigne tilsette til eit feiande flott gruppebilete foran Johan Sverdrup bustadplattform. Totalt var det 1100 med på å forme talet 100. Plattforma er planlagt levert i 2019. I tillegg til dette biletet slapp dei her om dagen ein liten smakebit frå det som kjem i 2019, nemleg ein serie av snuttar som saman skal fortelje 100 historiar.
Back to Top