Rundspørring

Eg, altså Espen, har i forrige veke vert og spurt kva som var deira største tabbe i livet deira. Eg spurte både store og små i alle aldre.

Den største tabben i livet mitt var å sykla uten bremser, for det som sjedde var at eg for nedover ein gangsti og der kom det eit gammelt ektepar, og eg for boti dama og fauk bortover og fekk ein pinne i øyra. Då eg fekk veta at det var ein pinne som var i øyra mitt så reiv eg den ut, og då reiv eg opp øyra og måtte sy.

Stian Vasslid


Den største tabben min var når eg skulle spele gitar for første gong, og foran eit publikum. Men då eg hadde spet nokon tonar så begynte eg å le, og da bare sprang eg bak scenen for å le ferdig saman med vennina mi.

Oddbjørg Løkling


Min største tabbe var då eg trykte på brannalarmknappen i ein butikk.

Qaiser Shazad


Den største tabben min var då eg holdt på å køyra bilen inn i ein mur.

Dani S. Høie


Den tabben eg synes var størst, var då eg knuste brann alarmen i idrettshallen og alle fekk panikk.

Roger Mjånes

Back to Top