Nok eit år har gått, og me i redaksjonen er takksame for alle som har vitja nettstaden vår, lest våre nye og gamle artiklar, og set stor pris på alle tilbakemeldingar me har fått!
I denne artikkelen vil me òg oppsummere året med dei fem mest leste sakene på bjellatidende.no. Det er i alle fall varierte saker det er snakk om! Alt frå raske turar i det fri, til datatreff, og boklanseringar. Med desse kjappe tilbakeblikka takkar me for følgjet i 2019:
1. Ultramaraton på Bømlo
23. januar 2019 — 426 visningar
2. Datatreff på Vikahaugane for 20. gong
7. oktober 2019 — 190 visningar
3. JUNIOR: Boklansering
2. mars 2019 — 169 visningar
4. Eat Move Sleep-cup i Sagvåg
8. april 2019 — 149 visningar
5. JUNIOR: Kort og greit om snø
31. mars 2019 — 109 visningar