IPX 2019: blant eliten av datatreff i Noreg

I skrivande stund er årets utgåve av datatreffet IPX inne i sitt siste døger. Eit arrangement som, i følgje dei sjølve, er i toppsjiktet av slike arrangement i Noreg.

Datatreffet starta på laurdag, og skal halde fram tili morgon. IPX har vore fast innslag i haustferien dei siste åra, og skal visstnok ha anar heilt tilbake til 1994. Nyehallen på Vikahaugen er staden dette har funne stad i alle fall frå 1999. 2019-utgåva kan skilte med rekorddeltaking og sekssifra totalsum på premiar. Og framtida, jo den ser dei lyst på.

Me er veldig optimistiske! utbryt ein entusiastisk Andreas Beiermann Dybvik, ein av dei som står bak IPX-arrangementet på spørsmålet vårt om temaet. – IPX har som sagt heldt koken sidan 1999, og har hatt ein sterk posisjon i LAN marknaden lokalt. Når e-sporten i tillegg har tatt seg såpass mykje opp dei siste åra, lokalt så vell som internasjonalt, så ser me veldig lyst på framtidsutsikten, fortsetter Dybvik.

Han kan òg avsløre at dei allereie no planlegg for fem nye år med IPX.

Heilt utseld og godt besøkt

Andreas Beiermann Dybvik i IPX-staben. Foto: IPX

I fjor var dei spente på å nå målet om minimum antall påmeldte ei veke før start. I år var det på veg til å verte utsolgt mange dagar i forvegen, noko som sjølvsagt er ekstra stas.

– Ja, det er veldig gledeleg! Artig å arrangere ein fest i data når så mange visar interesse!

Med over 300 deltakarar med datamaskinar i lokalet, opnar det opp for mange besøkande. Då me snakka med Dybvik i kveld, kunne han rapportere om at det måtte vere minst 300 besøkjande i salen i tillegg. Det kan kanskje friste å utvide antallet når det er så populært, men karane held hovudet kaldt, i alle fall i fyrste runde:

Me har ein «kvalitet framfor kvantitet» haldning til det å arrangere LAN, så me kjem til å halde oss på same nivå også til neste år.

Konkurransar med mykje i potten – og stolleiken

Me har satsa stort på pengepremien til compoen (konkurranse) i Fortnite DUO, med høvesvis 15 000 kr til vinnarane og 5 000 kr til andreplassen.

Dette er visstnok berre ein liten del av premiepotten, då dei kan skilte med å ha ein samla premiepott med ein verdi på over 100 000 kr til verdige vinnarar fordelt på ni ymse compoar. Trass i at dette er eit stort digitalt treff, er det viktig med konkurransar som får deltakarane opp av gamerstolen og vekk frå skjermen.

– Så vel som konkurransar i dataspel har me og fleire konkurransar på scenen vår. Her tevlar frivillige deltakarar i konkurransar som «Stolleiken med utfordring», «handbakturnering», «scavenger hunt» og «Japanese Game Show».

Unik vinnaroppskrift

Nyehallen under opprigg og før innrykk av dei over 300 deltakarane. Foto: IPX

Eit slikt arrangement krever god planleggjing og mykje arbeid, og gjengen bak IPX kan skilta med årevis med erfaring på området. Det viser att.

– Det merkast at teamet som dannar hovudgjengen og alle friviljuge som er med undervegs, er byrja bli drevne i å sette opp og rigge til, fortel Andreas.

Aldri før har dei ein hatt slik effektivitet under opprigg, som under IPX 2019.

– No skal ein jo halda seg audmjuk, men me tykkja sjølv me er blant eliten i Noreg når det kjem til å rigge til LAN, smiler han.

På spørsmål frå oss om det kan meldast å ha gått heilt smertefritt, må han lette litt på sløret:

– Det høyrer med til historien at me hadde ein ørliten utfordring med nettverket innleiingsvis, men våre karar i Tech-support ordna snarleg opp i det, og me har difor kunna nyta eit arrangement med gode straum- og nettverksforhold.

Med rekordmange deltakarar og besøkjande, krevst det òg eit auka tal på friviljuge. IPX-arrangøren har i sving over 50 i manntalet fordelt på diverse crew, som igjen er med å sikre at alle behov og krav om tryggleik vert forsvarleg. Her finn ein «Food Supply» som syt for at deltakarar og besøkjande har tilgang på mat og drikke døgeret rundt, «Security» for handheving av IPX-reglementet og bandtvang, «Tech-Support» som sikrar at det er nettverk under arrangementet, medan «Compo-crew» har ansvar for organisering og gjennomføring av dei forskjellige compoane.

I tillegg til mange friviljuge, er det essensielt med mange gode sponsorar som støttar opp om arrangementet. Foto: IPX

I morgon kl 8 kuttar dei straumen, men før den tid er det premieutdeling og fortsatt mange søvnlause timar som skal utnyttast!