Tivoli til Stord likevel

I mars kom det via andre medium rappport om at det ikkje kom noko tivoli til Stord frå 1. mai, slik tradisjonen har vore. No er likevel bekrefta at du kan svinge deg i karusellar og kjøpe sukkerspinn frå og med onsdage denne veka. Lunds Tivoli riggar seg til like ved Biltema på Heiane Vest.

Sjå nærmare informasjon om opningstider på Facebook, eller på deira nettstad.