Me markerar eit kvart århundre!

Me markerar eit kvart århundre!

Du hugsar kanskje at me lufta tanken på å gå under vatnet og ha nye moderne kontorlokaler innan avisa fylte eit kvart århundre? Vel, som du sikkert skjønte var det aprilspøken me drog i 2019. Det som derimot er harde fakta, er at Bjella Tidende faktisk feirar 25 år i dag!

Planen var at dette umogleg kunne gå forbi i stillheit. På blokka ein idé å samle saman mange av våre gamle og nye saker i ei jubileumsutgåve på papir, og i tillegg ha klart å få alle eldre analoge saker ut på nett. Dette «prosjektet» vart diverre satt kraftig til side då Covid-19 feia over landet i fjor — og forsåvidt fortsatt er veldig gjeldande i 2021.

Du får difor gjere deg klar for litt historisk scrolling digitalt i staden for, med tilbakeblikk på reisa frå 1996, og fram til 2021. La oss starte!

Det starta 22. mars 1996

Underteikna har alltid vore inspirert av skrifttypar og grafisk design, og det var nok hovudårsaka til at eg i ein alder av 12 år starta med denne blekka. Kontorlokale hadde eg òg: Øvst på mørkeloftet heime hjå foreldra mine på Bjelland. Med ein lav skuffeseksjon med ein liten arbeidslampe som hjelp, starta produksjonen. Trykksverta var ein gråblyant og nokre fargestiftar. Under kan du bla i det fyrste nummeret som kom ut. Dette var ei handskriven utgåve i to eksemplar og var det fyrste møtet med Bjella Tidende, den gong berre kalla for «Bjella».

 

Etter seks utgjevingar fann eg ut at redaksjonen måtte ha ein redaktør! Valet fall på min veslebror, Andreas. Med ein alder på tre år, kunne han nok skilta med tittelen som den yngste redaktøren i verda! Det sjuande nummeret vart også den fyrste utgåva der avisa heitte Bjella Tidende og fekk nytt og større format.

Avisredaksjonen låg elles ikkje på latsida fyrste året. Ein kunne lese alt frå kulturnyhende med Pumpkin Massacre, eige spesialblad med tema om Brasil, sportsnyhende der Stord6 tapte mot Solid, om fjellturar, basarar, TV-aksjonen det året, LEGO-bygging i stor skala, snømenn, om krimgåter frå Kina og sjølvsagt atter ein sak om at Stord6 tapte nok ein gong

Opp,opp og opp!

Standarden følgjer nok heilt sikkert kontoret til ein journalist på seint 90-tal: Utklippstavle, furuveggar arbeidslampar (av forskjellige utgåver), nips og LEGO.

Frå sporadiske utgåver i starten, fann avisa ein rytme på ei utgåve i veka. Bjella Tidene flytta ned frå mørkeloftet og fekk eit «dedikert» kontor på soverommet. Avisa vart fortsatt skriven for hand, heilt fram til tidleg 1997. Då investerte avisa i eigen skrivemaskin og innkjøp av kopimaskin frå sjølvaste Bladet Sunnhordland.

Etterkvart som åra gjekk, fekk Bjella Tidende fleire og fleire faste abonnementer, frå Stavanger i sør til Vågsøy i nord. Opplaget stogga vel på omlag 45 stk. på det meste i løpet av åra. Eit fåtall av desse vart selde som laussal for ein sumbolsk sum.

Mykje av «innovasjonen» som har skjedd i avisa si levetid skjedde i løpet av 1997. Forutan nemnte skrive- og kopimaskin effektiviserte Bjella Tidende metodane for oppsett og fekk slamra ut 35 utgåver i avisa sitt andre år.

I tillegg hadde me ei ekstra tjukk og fyldig juleutgåve det året som sjølvsagt inkluderte eit dedikert julebilag.

Til ungdomen

Frå 1998 og til avisa endte sine trykte og gode dagar, gjekk antall utgåver ned. Mykje av grunnen var vel at underteikna byrja på ungdomskulen og det vart meir fokus på skulearbeid enn det å skrive ei superlokal næravis. Innhaldet som likevel vart skrive om gjekk difor mykje på ting som skjedde i sfæren i og rundt ungdomsskulen og aktivitetar som dukka opp.

Diverre er det førebels minimalt med digitalt innhald å finne her på nettstaden, men kikk innom arkivet for 1998 for å lese det som allereie ligg ute.

Etter 90 nummer på tre år var det slutt. Siste trykte utgåve vart gitt ut 20. desember 1999.

Stundom har eg fått meldingar frå kjente som har hatt abonnement, der dei skriv at dei kvar jul tek fram julenummeret for å kome i skikkeleg julestemning. Dette varmar!

Vegen vidare

I 2014, 18 år etter oppstarten, kribla det såpass i skrivehanda at eg registrerte bjellatidende.no. Sjølvsagt med ein liten draum om å starte opp att med små og bittelitt større saker frå nærområdet. Likevel skulle det ta ytterlegare fire år før eg starta opp «for fullt» med å seie hallo til verda 3. oktober 2018.

Det tok ikkje mange dagane før besøkstala steig godt oppover. Plutseleg ein dag var til og med Bladet Sunnhordland på tråden og skreiv ei fin sak om den digitale oppstarten.

Sidan den dagen har besøkstalet vore sånn gjevnt over greit, trass i at frekvensen av saker ikkje har vore så formidabel som ein kanskje ventar av ei nettavis.

Me kan redde oss inn ved å seie at avisa er driven som ein rein familiehobby, og at det aldri har vore målet å utdanke verken sunnhordland.no eller stord24.no! Det er jo heller ikkje utan grunn me har valgt slagordet «Sist med det fyrste»!

Likevel, me er nøgde med å hatt 5000 unike besøkande innom dei siste tre åra! Tusen takk alle saman!

Bjella Tidende Junior for dei yngste

2. mars 2019 lanserte me Bjella Tidende Junior, der døtrene mine Oline og Madel allereie er skribentar. Planen er at barna skal få bruke denne avdelinga til det dei måtte ynskje, som til dømes lettleste og barnevennlege saker av og for dei yngste. Me ventar fortsatt bittelitt på at interessa skal bløma og orda skal flauma, men me er i gong!

Ikkje bursdag utan gåve!

Det er jo ikkje kvar dag me feirer stor dag, så i høve 25-årsjubileumet kan du på vår Facebook-side vera med på ein liten konkurranse der du kan vinna eit eksklusivt Bjella Tidende-krus!

Lukke til om du vel å delta på den, men håpar på å ha deg innom nettstaden vår i framtida også!

Back to Top