Ho, ho, ho, no er det turn igjen!

Den faste tradisjonen med juleoppvisninga til Stord IL, vart nok ein gong arrangert på Vikahaugane i dag. Om lag 4-500 turnarar frå alderen tre år i gruppa for foreldre og barn, og oppover til junior, hadde ei forrykande framvisning for dei vel 1200 publikummarane som hadde møtt opp i Nyehallen. Speaker Runar Øvrebø var sjølvsagt på plass for å få opp stemninga endå eit par hakk.

Turngruppa, som meir eller mindre har hatt Lars Mugaas og Kristian Lunde med i troppen for juleoppvisninga for 72. gong(!), imponerte med hopp og sprett, og tjo og hei!

Juleoppvisninga vart sjølvsagt ikkje fri for ablegøyer frå nissane, som avslutta showet med sine sprell til stor glede for store og små!