Peparkakebyen på Vikjo

Peparkakebyen på Vikjo

Kvifor dra til Bergen, når ein kan besøke vår heilt eigen peparkakeby på Vikjo? Stord Røde Kors Barnehjelp står klar til å ta deg i mot!

Sidan 2005 har Stord Røde Kors Barnehjelp samarbeidd med Leirvik Sentrumsforening ved Turid Fadnes om ein eigen peparkakeby i Leirvik sentrum. Under opninga 18. november var ikkje alle bidraga komen på plass, men det har etterkvart vorten tett mellom peparkakene. Bidraga kjem frå flinke born og elevar ved barnehagar, skular, SFO, til andre private som leverar flotte og kreative byggverk til byen deira!

I ein e-post til redaksjonen skriv leiar av Stord Røde Kors, Anne Kvalheim, at dei ikkje har hatt faste lokaler å lage til byen i, men det har allltid ordna seg med med lån av lokaler. I år takkar dei Svein Hatlevik for lån av lokaler i Borggata 26 (der kor rammebutikken holdt til)!

Vidare kan ho fortelje at Røde Kors Barnehjelp ikkje har nokon tilsette som administrerar dette, men har mange fantastiske frivillige som stiller opp for å lage til byen, stiller på vakter og tek imot born og vaksne som kjem på besøk. I tillegg har dei òg loddsal og sal av handarbeid med meir i lokala.

– Om du ennå ikkje har vore innom peparkakebyen er oppfordringa: Ta turen innom!, avsluttar ho. Siste dag det er ope i peparkakebyen er torsdag 21. desember, mellom klokka 10 og 16.

Her kan du sjå nokre av bidraga som har kome inn:

God jul!

Back to Top