I nydeleg seinsommarvarme inviterte Venelaget for Leirvik fyr til open dag med piratsang, kos – og andre boller.
Det var tydeleg mange som ville oppleve historiske omgjevnader ved Leirvik fyrstasjon. Underteikna satsa på å kome seg ut med den innleigde skyssbåten frå Notahaugskaien klokka 12 laurdag 4. september, men fekk kjapt beskjed om at alle avgangar fram til kl 14 allereie var fullteikna.
Lokalt piratband og andre boller
Vel framme vart me møtt av viser og musikk, tonesatt av dei lokale piratane Stian Tønder, Ian Kolstad, Margrete Lund Skorpen, Andreas Bjordal, Åsmund Notås og Petter Misje.
Gjennom dagen hadde dei hatt konsert for kvar time, til stor glede for store og små som satt spredt utover fyrplenen.
I pausen til piratbandet hadde Stord Folkebibliotek høgtlesing frå boka Piratane i gata, samstundes som dei minste fekk utdelt ekte piratboller.
I desse tider er det deilig å endeleg kunna oppleve levande musikk og smilande publikum, som saman med varme og solskinn, gir oss eit fint snev av festivalstemning.
Oppussing på dugnad
Etter kjøp av pølser, suppe, kaffi og kaffimat, tok underteikna ein runde i fyrhuset for å sjå kva det hadde å by på.
Innanfor døra møtte eg flotte og nyoppussa stover i første etasje og gode store soverom i andre høgda. Dette er det Venelaget for Leirvik Fyr som har stått for dei siste åra, og dei har gjort ein formidabel jobb.
Ein av karane i Venelaget kunne også fortelje at ein gjennom kommunen kan leige fyret, både med og utan overnatting. Det har også vore både bryllaup og dåp her ute, i tillegg til at det er perfekt for verksemder å låne til både teambuilding og andre sosiale samakomster.
I tillegg kunne ein i uthuset og inne i dei to stovene få med seg fotoustilling i regi av Stord fotoklubb.
Så får du sjansen og har du tilgong på båt, er ein tur til fyret eit godt tips!
One thought on “Festivalstemning under open dag på fyrøya”
Comments are closed.