Utbetring av veg og VA-anlegg i horisonten

Utbetring av nordleg del av Hornelandsvegen har vore på toppen av prioriteringslista i Stord kommune. Etter fleire vassleidningsbrot siste tida, måtte me høyre innom for status. Og det ser ut til å vera lys i enden av tunnelen.

Dei to siste månadane har det vore gjentekne vassleidningsbrot i den nordlege delen Hornelandsvegen på Stord. Kvar gong har det gått ein heil dag utan vatn i springen for dei som bur i denne delen av vegen, i tillegg til å måtte køyre omveg for å kome til eigedomane sine på grunn av stengd veg. Seinast for knappe to veker sidan skjedde det igjen, men denne gong hadde kommunen satt opp vasspost slik at det var mogleg å få henta vatn til det daglege styr og stell.

Det er også berre eitt år sidan eit overvassrøyr skapte utfordringar i same område, og førte til stengd veg i periodar.

Ved siste vassleidningsbrot fekk kommunen satt opp vasspost for dei som mangla vatn i springen. Godt tiltak!

To tiår med venting

Bebuarane langs denne vegen hadde for nokre år sidan informasjonsmøte om reguleringsplanen for utbetring av veg og oppgradering av vatn og avlaup. Den gongen informerte Gøtz om at Hornelandsvegen hadde vore øverst på prioriteringslista sidan tidleg 2000-tal.

I Trafikksikringsplanen for 2004-2007 kan ein blant anna lese om Hornelandsvegen:
Problem: Smal veg utan fortau
Tiltaksforslag: I gangsetjing av reguleringsplanarbeid for utbetring av veg

På møtet vart det fortalt at det kunne ta noko tid før dei kom i gong, men sjølvsagt ikkje love noko. Eit strakstiltak som vart sett i gong var å redusere fartsgrensa frå 50 til 30 km/t gjennom heile Hornelandsvegen. Etter skulestart i haust med mange nye 1. klassingar langs vegen, i tillegg til gjentekne vassleidningsbrot, kjem spørsmålet om kor kommunen ligg i løypa med reguleringsplanen for vegen.

Oppstart i 2023 – om alt klaffar

Me tok kontakt med kommunen, og fekk snakka med Arnstein Hetlesæter, fag- og utviklingssjef vatn og avlaup, i Stord Vatn og Avlaup KF.

«Denne saka har diverre vorte satt litt på vent, men den skal ut på høyring så snart det let seg gjera» fortel Hetlesæter på telefon. Vidare forklarar han at planen for trafikksikring må på plass først.

Les også:  Ordførar Harry Herstad er død

På spørsmål om kva tid ein kan forvente oppstart på arbeidet i vegen, så kjem han med eit ørlite lyspunkt.

«Det kan hende at oppstart allereie vert i 2023», sjølvsagt med eit lite atterhald om at ting då skal gå ganske knirkefritt og gå slag i slag. Så til dess får ein passe på at bilistane held farten nede, og sitje klar ved vassposten om det skulle dukke opp nye hol i vegbana med klart vatn…

Nær enden av Hornelandsvegen var det to vassleidningsbrot med berre nokre meters avstand. Her har dei akkurat fått asfaltert vegen etter to månader med grusveg.