Bjella Tidende går under vatnet

I vår jakt på å gå djupare inn i nyhende som er i kring oss, flyttar me inn i nye undersjøiske lokaler innan 25-årsjubiléet vårt i 2021.

Då avisa såg dagens lys i 1996, holdt Bjella Tidende til på loftet heime hjå Espen sine foreldre på Bjelland. Deretter flytta avisa nedover ein etasje til gutterommet i same bygning. Per i dag har me gått ein ny etasje ned, nemleg til hovudetasjen i huset på Horneland. Difor er det heilt å tråd med tidlegare tankegong at me no forflyttar oss endå djupare.

Inspirert av verda

Restauranten «Under» på Lindesnes. Foto: Ivar Kvaal / Snøhetta.

I tillegg er det jo dette som er det nye uti verda. I Dubai er det siste at ein investerar i hus som for det meste er under vatnet. Og i Lindesnes kommune opnar den største undersjøiske restrauranten i verda, «Under», i desse dagar i følgje NRK. Den er òg den einaste av sitt slag i Europa.

– Det er kanskje å ta seg vatn over hovudet sånn økonomisk, men det er heilt riktig steg å ta, meiner journalist og fungerande redaktør Espen M. Kvalheim.

Tenkjer ein på det stigande havnivået, er det nok heilt på sin plass.

Djupare — på alle nivå

Det å skrive ein god artikkel krever sitt. Ved å flytte redaksjonen til ein slik lokasjon, kan me fortsetja å skrive slik me alltid har gjort, og samstundes seie at me skriv dei med djupne frå første bokstav.

– Djupt, kjem det vassrett inn frå høgre frå BT junior-journalist, Oline Kvalheim.

Som observant lesar har du kanskje lagt merke til at digitaliseringa av arkivet går sakte, men sikkert, framover. Med dette kvantesteget av ei nylokalisering, kan me heretter lova at du er særs velkomen til å ta eit skikkeleg djupdykk i arkivet — både digitalt og i våre nye lokaler under vatn.

Les også:  Endå eit nytt hus på Bjelland

– Ja! Og svømme med fiskane!, utdjuper vår andre BT junior-journalist, Madel Kvalheim.

Teikningane snart klare — igjen

Utan samanlikning for øvrig, og i mangel på våre eigne teikningar, er her eit døme på eit undersjøisk hus/kontor frå Smithers Boss, laga i Minecraft.

Redaksjonen hadde skissert ut mange av designelementa i bygningen på ein serviett med god sugeevne. Diverre kvelva påtroppande redaktør Oluf Kvalheim (1) eit glas med vatn, og traff på magisk vis servietten lokalisert på andre sida av frukostbordet.

– Heldigvis har ingen av oss vasskrekk, så litt vatn på desse teikningane skal ikkje skremme oss i å få realisert dette innan 25-årsjubiléet våren 2021, avsluttar Espen.

Kor lokala vert plassert? Nei, det er ein djupt bevart løyndom…