Framsnakkar lokale verksemder på Vikjo

Baksnakking er ein skikkeleg uting. Framsnakking er derimot VELDIG lov. Laurdag 7. desember er det duka for meir framsnakk for lokale verksemder på Vikjo.

9. november vart fyrste utgåve av Framsnakk på Stord halden. I helga er det altså nok ein gong duka for meir godt framsnakk på veteranskipet MS Sunnhordland, i stødig regi av primus motor Hege Ottesen.

– Førebels er det 18 påmeldte, men det er lenge til laurdag, så her kan det verte fleire, fortel ho.

«Unik julemesse»

Her er Hege Ottesen (t.h.) saman med Anne Lise Hoffmann før færre Framsnakk. Faksimile: Bladet Sunnhordland.

Tradisjonelt er mange julemesser besøkt av kvinner, men Ottesen fortel om ein artig vri som gjer at dette vert ei noko unik julemesse. Ho lanserer ein eigen «herreavdeling», noko som skal tiltrekke seg fleire av det mannlege kjønn, og at det vart slik er ikkje tilfeldig.

– Du skjønner, skipet har jo eigne dame- og herresalong om bord, noko som var naturleg på tida ho vart bygd. Difor har me rett og slett samla lokale verksemder som driv med typiske «herreting» som spenner seg frå bilpleie til barbering, i ei utvida utgåve av herresalongen, forklarar Ottesen.

Ho er kjapp med å leggje til at i desse likestillingstider er sjølvsagt damene hjarteleg velkomne dei òg! Det er heller ikkje utan grunn at messa vert halden på veteranskipet MS Sunnhordland.

– Tanken er å ha messa på «gamlemåten», med tid og høve til den gode praten, kunna kjenna, sjå, lukte og smake på varene. Dette passar godt inn på ei gamal dame som veteranskipet, forklarar Ottesen, og legg til:  – Og eg var heldig nok til å få låna ho!

Ei anna ei som gjer det mogleg for Hege Ottesen å halde om bord i skipet er Anne Lise Hoffmann, ei av mange friviljuge som verkeleg har hjarte for skipet.

– Anne Lise, med fleire, har ansvar for sjølve fartæyet mens me har det i bruk. Dei har òg omvisning om bord for dei som ynskjer det, legg Ottesen til.

Bilete av plakaten
Få med deg ei unik julemesse om bord i veteranskipet MS Sunnhordland laurdag 7. desember. Her er plakaten for hendinga.

Førebels siste i rekkja

Det er kjekt at mennesker som Hege Ottesen tek tak i ting mange andre kanskje berre snakkar laust om. Det vert rett og slett meir og meir viktig å framsnakka kvarandre, om det så er enkeltindivid, eller lokale verksemder. Har du ledig tid på fyrstkomande laurdag mellom kl 10 og 15, er dette eit godt tips då dette er den siste planlagte hendinga for Framsnakk på Stord.

– Men, kven veit? Det kan jo fort hende det kjem noko liknande, avsluttar ho.

Sjekk ut hendinga på Facebook for meir informasjon.