No er det hennar tur

Til helga er det duka for årets TV-aksjon, der bidraget går til organisasjonen CARE som slik kan løfte minst 400 000 fleire kvinner ut av fattigdom.

Over 100 000 friviljuge bøssebærarar skal besøke Noreg sine 2,3 millionar husstandar på sjølve aksjonsdagen, sundag 20. oktober. Det gjer TV-aksjonen til den største dugnaden i verda.

Under tittelen «No er det hennar tur» er det satt fokus på kvinna og at alle kvinner skal få tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og verta høyrt. Gjennom årets TV-aksjon kan du bidra, anten gjennom bidrag til bøssebærarane på sundag, eller via andre tilgjengelege kanalar du kan lese om her.

Les meir om aksjonen på CARE sin nettstad.