Finn fram finstasen – noko er i emning!

Finn fram finstasen – noko er i emning!

Det er kanskje ikkje på ein kvardag ein skal ta den heilt ut, men at Olsen & Jensens viseklubb markerar noko stort på tampen av 2018, det er reine fakta!

Facebook kunne ein i går nemleg lese at Olsen & Jenses viseklubb markerar eit fint og rundt «jubileum» for deira konsertar i romjula i år. Viseklubben er kjend for å markere runde tal, men denne gong er det eit spesielt rundt og personleg tal. Hyllesten til nyleg avdøde Kim Larsen den 29. desember får nemleg æra over å vere nummer 100 i rekkja for viseklubben.

Redaksjonen tenkte i høve markeringa at me skulle ta ein prat med Endre Olsen, som saman med Terje Jensen (som er pseudonymet til meir reelle Vidar Hope) er ildsjelene som starta viseklubben i 2011.

– Wow! Intervju i sjølvaste Bjella Tidende? Du slette tid, dette er stort!, opnar han entusiastisk på spørsmålet om me kunne få eit kjapt intervju.

Han fortel vidare at idéen om ein viseklubb kom opp då dei begge flytta frå Bergen og eit god etablert og liknande konsept kalla Lille Lungegårdssang dei hadde der.

– Me var godt vant med å sitja på pub sjølv om det ikkje nødvendigvis var verken helg eller kveld. Me er karar som likar å ta i eit tak, og kvifor ikkje få gode konsertopplevingar der me uansett sat med halvliterane våre? Difor vart det slik, fortel Olsen.

At valet fall på Osvald Pub, var ikkje heilt tilfeldig. Det gjekk vel mest på at det rett og slett likna mest på det dei var vant med frå storbyen Bergen. Første konsert ut var i høve Bob Dylan sin 70-årsdag 24. mai 2011. Derifrå har det gått slag i slag, takt og tone.

Osvald Pub, deira faste konsertscene midt i Leirvik sentrum.

Lokalt og internasjonalt

Dei har samla ei mengd med artistar gjennom desse sju åra, og det er ikkje like enkelt å trekkje fram ein spesifikk konsert som krem de la krem, då me spør han om det.

– Det kjekkaste, og det som gjer oss mest stolt, er når me kan samla ein haug med lokale krefter både på scenen og i salen, og dukka djupt ned i den musikken me elskar, oppsummerar han på spørsmålet.

Ellers trekk han fram at det å få presentera ein artist som ikkje nødvendigvis er allemannseige enno, er noko som gjer det mest verdt å halde på.

Moderne visedrøs

Det er ikkje berre gjennom analoge konsertar du kan oppleve det Olsen & Jensens viseklubb har å tilby. I tillegg til Facebook-sida deira har dei ein eigen blogg kalla Visedrøs der du kan lese om stort og smått. I den siste bloggartikkelen kan me stupe ned i ei komplett, og alfabetisk, liste over alle konsertane dei har servert oss.

Og likar du å lytte til podcast, ja, då har dei noko ekstra digitalt godteri til deg. Gjennom Visepod kan du lytte til samtalar og intervju med diverse gjestar og artistar.

Om å markere runde tal og ess i ermet

Her frå festen og tolkinga av Rubber Soul av Beatles i 2015.

Viseklubben likar å markere runde tal, anten det går i alder på artist/gruppe, eller tid sidan album vert slept. I tillegg har dei jevnt og trutt hyllestar til avdøde artistar. Ei konsertoppleving som står høgt på lista, er ein hyllest til Tom Petty. Ein hyllest dei har snakka om heilt sidan artisten døydde i 2017.

– Kanskje det er på tide å ta ein ny telefon til Springsteen sine folk, fortel Olsen vidare.

Til slutt det me alle lurar på, har viseklubben nokre ess i ermet for 2019?

– Jada, men dei ligg langt inn i ermet, avsluttar Endre Olsen med eit lurt smil.

Me gratulerer uansett med jubiléet — og kan nemne (via relativt sikre kilder) at det ikkje er umogeleg at både Olsen og Jensen kjem til å spretta champagnen denne romjulslaurdagen. Og kanskje til og med fyra opp ein sigar.

Back to Top