Snart kjem borna!

Ja, snart kjem alle borna som skal gå i Bjella Barnehage på Bjelland. Barnehagen opnar om ein månads tid, på den 2. januar til neste år. Det er mange som har vore interresert i å få ein barnehageplass der.

Bjella Barnehage her på Bjelland opnar 2. januar 1998 og den er ein privat familiebarnehage.Du finn dem i kjellaren på hus nr. 59b i Bjellandsvegen.

Merete Langeland eig og styrer denne barnehagen, men ikkje åleina. Ho vil få ein assistent,og ein førskulelærar som vil jobbe der 25% to dagar i veka.

Det er mange som var interreserte i å få barnehageplass. Det er bare nokon få som vil få plass av alle dei som har spurd,ca. nokon å 10 stykk.

Merete har hatt det travelt med å få alt klart til opningen, som er om ein måneds tid, i januar 1998.Ho har jobba i eit kjør sidan i juli i sommar.

Namnet Bjella Barnehage, har ho henta frå avisa vår, «Bjella» som i Bjella Tidende.

Logo og leikar høyrer også til

Barnehagen skal selfølgeleg ha ein logo over døra, men den skal dei venta med til dei er ferdige med alt anna i barnehagen. Det vil altså bli sånn utpå vårparten neste år.

Dei har allereie fått ein masse utstyr til barnehagen. Vogner,senger,leikar tilmed ei hytte i hagen og ein masse leikar.Men enno mangler det ein del ting som trip-trap stolar,spiraljynge og litt meir leikar.

I vårt første nummer i 1998 skal me skriva om opningen av barnehagen, så følg med!

Back to Top