Portrettet

Kva er namnet ditt?

Charlotte H. Hystad.

Kor gamal er du?

Eg er 14 år gamal.

Kva gjer du på fritida di?

Eg spelar fotball.

Kva lag spelar du på, og kva spelar du?

Eg spelar på Stord Jenter, jo eg spelar for det meste i forsvar, men av og til midtbane.

Eg høyrer at dåke ikkje har trenar, er det sant?

Nei, ikkje heilt, me har fått ein hjelpetrenar, oh han heiter Atle Ertsland.

Kor lenge har du spelt forhall?

Eg har spelt i 6 år.

Kva lag har du spelt på opp gjennom åra?

Eg har spelt på Stord heile tida, begynte som lilleputt, lillejente ,småjente og nå jente.

Kva er favorittlaget ditt i engelsk Premier Ligue?

Manchester United.

Kven er favorittspelaren din i engelsk fotball?

Det er Ole Gunnar Solskjær, Eric Cantona og David Beckham.

Kva er det største du har vore med på innan fotballen?

Det var i sommar då eg var på Sørlandscup. Me hadde komt til finalen. Det var i B-sluttspelet, men kven bryr seg om det? Det var jo ein finale!
Laget me skulle spela mot hadde me tapt 4 – 0 mot nokre dagar før, men då dommaren blåste av kampen stod det 1 – 1. Det blei ekstraomgangar, men ingen scoringar. Me tapte p.g.a. at laget me spelte mot hadde fått to corneraar, og me ingen. Men det var kjempegøy å spela, sjølv om me tapte.

Skal dåke på nokre cupar i år?

Me får sjå kva dei kvinnediskriminerande finn ut. Klarar me å få nok folk til å begynna på laget vårt i løpet av denne veka, får me kanskje reisa på Dana-cup, og hvis ikkje me klarar det, veit eg ikkje kva som skjer.

Les også:  Med fokus på damene i seglsporten

Kva meinar du med «kvinnediskriminerande»?

Stord-styret. Det einaste dei bryr seg om er A-laget og dei komande A-lag spelarane. Jentefotballen gløymer dei.

Kva er planane dine for framtida, ellers? Kjem me til å få ein landslagsspelar i nabolaget om nokre år?

Nei,d et tvilar eg på. Men eg hadde ikkje sagt nei om Even Pellerud låg å kyssa skona mine for å få meg på landslaget. men då må eg vel trena 24 timar i døgnet i 4 1/2 år framover. For så god er eg ikkje. Nei, eg kjem vel til å spela fotball, men noko karriere på United sitt damelag det er vel berre noko eg kan drøyma om.

Bjella Tidende ynskjer Charlotte lykke til med fotballsesongen, og takkar for intervjuet.