Etter snart 20 år i dvale, sånn reint nyheitsoppdateringsmessig sett, har me i dag gleda av å opna den splitter nye nettstaden for næravisa vår Bjella Tidende!
Me kan diverre ikkje love at frekvensen for oppdateringar vert særleg hyppig, men me har lyst å skape ein koseleg, alternativ, og innloggingsfri, nyhendesportal på nettet. I starten vil nok me ha hovudfokus på å fylle i arkivet frå våre tidlegare utgjevne papirutgåver*, men det vil etterkvart dukke opp ferskare nyhende primært frå Stord. Du skal ei heller ikkje sjå vekk i frå at det dukkar opp nyhende frå andre kantar… For deg som er glad i sport og kultur, skal me prøve å tilby oppdateringar innanfor dei felta òg.
*Til informasjon så har me i desse gamle artiklane òg behalde dei fine skriveleifane og den dårlege grammatikken ein fort har når ein er 12–13 år.
Kva skjer i nærleiken?
Eit av satsingane til avisa skal vere å oppdatere lesarane på kva som skjer av stort og smått nær deg. Skal du ha loppemarknad, sekkeløptevling, eller halde ein aldri så liten konsert, ja då må du meir enn gjerne sende inn tips til oss slik at andre kan få vite det gjennom vår hendingskalender. Ikkje sjå vekk i frå at du kanskje får besøk av avisa òg!
Komande hendingar kan du òg alltid finne på alle undersider, artiklar og på framsida.
Ta kontakt
Har du andre tips, eller berre vil seie hallo, send oss gjerne ein e-post. Kontaktskjemaet vårt kan du òg nytte deg av.
Back to Top
Loading Comments...
Me nyttar eit minimum av informasjonskapslar for å gjere surfinga di betre.OK, den er grei!Les meir
One thought on “Hallo, verda!”
Comments are closed.