50 år med Røde Kors på Stord

Forrige laurdag var det 50 år sidan Stord Røde Kors vart starta opp. Det var markert med ein fest på Fjellstova.

Laurdag 24.oktober 1948 vart Stord Røde Kors starta opp på Stord. Då var det ikkje mange medlemmer i Stord Røde Kors.

No, 50 år seinare, er dei oppe i heile 1300 medlemmer i Røde Kors på Stord, med 130 som er aktive. For å feira 50-årsjubileet, så arrangerte dei ein fest på Fjellstova, som varte nokre timar.

Til saman var det 62 gjester under taket på Fjellstova. Dei fleste av gjestane var inviterte, men det var også andre som hadde meldt seg på i lag med større foreiningar.

Anne Kvalheim, som er leiar i Stord Røde Kors Barnehjelpen, seier til Bjella Tidende at festen vart vellykka.

Mange avdelingar

Under namnet «Stord Røde Kors» finnest det mange forskjellige avdelingar. Her er dei:

  • Barnehjelpen
  • Besøkstjenesten
  • Hjelpekorpset
  • Ungdommens Røde Kors
  • Spesialavdelinga

Alle desse avdelingane jobber ikkje med dei same tinga. Alle har kvar sine arbeidsområder og jobber med forskjellige saker og ting.

Spesialavdelinga vert støtta opp av lokalforeininga.

Back to Top