Norges Røde Kors feira nyleg sitt 150-årsjubileum, og i år er det lokalforeninga på Stord som jubilerar.
I helga er det duka for jubileumsfest for Stord Røde Kors i samband med at det onsdag 24. oktober er 70 år sidan lokalforeninga vart skipa. Det heile starta med at om lag 200 personar med interesse for Røde Kors sitt arbeid samla seg til eit informasjonsmøte i Turnhallen på Leirvik. I spissen var Bjarne Gundersen som òg vart den første formannen. Året etter trødde Gerhard Haugland inn i rolla som formann og var det i heile i 28 år!
Markering av aktivitetane gjennom 70 år
Leiar Anne Kvalheim fortel at lokalforeninga på Stord gjennom alle år har støtta lokale sjukeheimar og sjukehus med diverse utstyr, støtta årleg leir for utviklingshemma, Sorg og Omsorg Stord, deltatt på innsamlingsaksjonar og hatt godt samarbeid med andre organisasjonar.
– Dette skal markerast på ein jubileumsfest der 52 har takka ja til å delta, fortel ho. Dette er gjestar som er, og har vore, aktive i organisasjonen gjennom mange år.
Festen finn stad i morgon på Stord Hotell.
Hjelp og bistand til alle som treng
Fokus til Røde Kors, både lokalt, nasjonalt og internasjonal, er å avdekka og hindra nød, gi rask respons og lindre når kriser oppstår, i tillegg til å bidra til å styrke lokalsamfunnet. Og med sine om lag 380 lokalforeningar er dei godt tilstades i Noreg.
På Stord har dei full aktivitet i alle sine avdelingar. Frå aktivitetar for barn gjennom barnehjelp og BARK, til liv og redning gjennom Hjelpekorpset. Her er ei komplett liste over Stord sine avdelingar, med ein kort beskriving:
Hjelpekorpset (oppretta i 1950)
Hjelpekorpset har i dag ei aktiv gruppe som held kurs, deltar på sanitetsvakter ved idrettsarrangement og andre tilstellinger, kurser nye medlemmer, deltar på aksjonar og øvelser og på lokalforeningen sine stand og innsamlingsaksjonar.
RØFF — Røde Kors Førstehjelp og Friluftsliv
RØFF er eit aktivitetstilbud til ungdom 13-17 år med hovedvekt på friluftliv og førstehjelp.
Beredskapsvakt
Eit «lågterskel»-tilbud til personar som ynskjer å ta ansvar i lokalsamfunnet som ikkje har høve/ynskjer å delta i friviljug arbeid på fast basis. Dei stiller derimot opp ved store hendingar/katastrofar.
Ungdommens Røde Kors (oppretta i 1956)
Den første tida arbeidet U.R.K sine medlemmer på Furuly Helseheim der dei hjalp til med boktralle og salg av aviser og blad og hadde underholdning. No er det ei lita gruppe som er aktive i Røde Kors Ungdom, der dei har medlemskveldar med popcorn, spel og aktiviteter for ungdom i mottak.
Omsorg
I 2015 vart det vedteke å opprette omsorgsråd der Barnehjelp, Besøkstjeneste, leksehjelpere, BARK og migrasjonsaktivitetar er lagt innunder.
Kvinnegruppa og Barnehjelpen (oppretta i 1954)
15. februar i 1954 fekk Stord Røde Kors sin andre spesialavdeling, leiar for kvinnegruppa var Jenny Eide. Denne avdelinga blei i 1962 omgjort til ei
barnehjelpsavdeling. Barnehjelpen er framleis aktiv med aktiviteter for utviklingshemma (juletrefest, diskotek og leir), aktiviteter for barn og mødre i mottak med mer.
Pasientvenner/Besøkstjenesten
Vart starta 8. mars 1958, men skifta seinare namn til Besøkstjenesten. Besøkstjenesten har i alle år vore veldig aktive i blant anna arbeidet på sjukeheimen, Knutsaåsen og på sjukehuset kvar veke. Besøksvenner går òg på Rehabsenteret og privat.
Besøksvenn med hund
Oppretta i 2016. Det er per i dag fire aktive og godkjente hundar med ulike godkjenninger, der ein går på fellesområde på sjukeheimen, mens dei andre går ein til ein på institusjon eller privat.
BARK (Barnas Røde Kors)
BARK vart starta i 2003 og har ulike inne- og uteaktiviteter for born i 2.–7. Klasse. Dei har aktiviteter kvar veke.
Les meir om Røde Kors sitt arbeid på deira heimeside.