Dei etterlengta tryggingstiltaka for fotgjengarar i krysset Kårevikvegen/Hornelandsvegen er nokre steg nærare ferdigstilling.
Lys og ekstra sperrebommar kom på plass tidlegare i år, og no er òg striper ferdigmalte i vegen på den mest trafikkerte overgangen. I tillegg ser det ut til at autovernet vert forlenga nokre meter for ekstra trygging.
Me reknar med ferdigstilling av alle tre overgangane kjem på plass når anleggarbeidet i samband med bustadfeltet Langelandstølen er fullført.