Bytunet opna

Bytunet opna

På torsdag denne veka opna ICA Mekka den nye butikken i Bytunet i Osen på Leirvik. Den skal ikkje verta den einaste for­retningen som er under det store taket. Andre vil kome inn seinare.

No har bygget som dei har jobba med sidan i fjor, endeleg ferdig.

Det er ikkje så mange under taket per idag, men det vil verta stor aktivitet der i framtida. ICA Mekka kjeden opna dørene sine for kundane allereie på torsdag, men etterkvart vil og Stord Lensmannskontor flytta inn i tredje høgda.

Og ikkje nok med det. I fjerde høgda skal det verta husvære, kanskje ti.

– Ingen husvære er solgt enno, og heller ikkje lys ut for salg, sa arkitekt Arnold Holmedal til Sunnhordland, torsdag.

Dei andre forretningane vil koma utpå våren og forsommaren til neste år.

Tilsaman har Holmedal & Husum investert 50 millionar i Bytunet i Osen på Leirvik, så langt.

Back to Top